Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Innvik - Nyhende

Bensinstasjonen i Innvik

EI LITA ORIENTERING OM BENSINSTASJONEN I INNVIK

Av Lars Åge Hilde

Vagstad AS er ikkje tilfreds med måten bensinstasjonen i Innvik
presenterer seg på. I dag har vi derfor inngått avtale med UnoX
(Hydro) om at Vagstad skal overta drifta og vedlikehaldet av
stasjonen frå 1.9.2016.

I første omgang skal vi få pumpa for avgiftsfri diesel nedanfor huset i drift igjen, dette håpar vi å ha klart i midten av juni. I slutten av august er det meininga å rive det store bensin-overbygget. Vi får ny skiltmast med pristavle, «ny» pumpe som tar alle slags kort, og nytt overbygg som er mykje mindre enn i dag, men uniformert. Samtidig håpar vi å få ny pumpe for både bensin og avgiftsfri diesel nede ved brygga.

Vi håpar at bygda vil sette pris på endringane og at alle vil benytte den nye stasjonen.

Arkivfoto


(Sist oppdatert 06.juni 2016, 20:19)

Gå til nyhendearkiv