Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Innvik - Nyhende

Glade toner ved fjorden!!!

Glade toner ved fjorden!!!

Av Inger G Hoff.

Laurdag 11. juni er du hjarteleg velkomen til førmiddagskonsert ute ved Innvik Fjordhotell sitt vakre parkområde med Fjellljom og felejentene. Dei vil by på mange glade toner og på hotellet kan du få kjøpt kaffe, sveler, pølser med meir. Dette kan du hygge deg med under konserten. Vi voner det er mange som har lyst og høve til å kome til denne musikalske opplevinga som er gratis. Ta med campingstol eller eit godt sitjeunderlag. Ver ute i god tid før konserten tek til!

Ideen til å arrangere ei slik musikalsk førmiddagsstund kjem frå Gjøvik og Toten seier initiativtager Inger G Hoff. På Gjøvik gård er det gratiskonsert kvar laurdag føremiddag heile sumaren til stor glede for mange Gjøvikensere og tilreisande. Ein koseleg kafé syter for bevertning. Denne tradisjonen veit folk der å setje stor pris på. Gjennom mange år har vi besøkt Gjøvik gård slike laurdagar seier Inger. Så kvifor ikkje setje Innvik på kartet med glade toner ein og annan laurdag føremiddag sumarstid ?

Hotellet v/dagleg leiar Anna Marie Skoglid Vatnamo og Innvik bygdeutvikling ved Harald Røyrvik tende på idéen. Fjellljom og felejentene sa spontant ja til å kome - så nå voner vi på eit stort publikum 11. juni, føremiddag.

Vi voner også å kunne skape ein tradisjon der vi kan arrangere fleire slike laurdagkonserter ved Innvikfjorden sumarstid.

Hjarteleg velkomen til kvar og ein . Blir det dårlig vær vært konserten heldt innandørs, seier entusiastiske arrangører, Inger, Anna Marie og Harald.


(Sist oppdatert 10.juni 2016, 20:11)

Gå til nyhendearkiv